

Der er tursti frå sentrum til toppen, og på vegen opp eller ned, kan ein gå fram på det kjente utkikspunktet Rampestreken. Men den flottaste opplevinga får ein om ein startar i Venjedalen og går over Romsdalseggen tilbake til Nesaksla (4–6t), middag på Eggen restaurant, for deretter å ta pendelbana ned igjen til Åndalsnes sentrum. Ved planlegging og bygging av Romsdalsgondolen var det viktig å ta omsyn til at dette alt var ein etablert bruk av området. Gjennom reguleringsprosessen vart det lagt føringar på å minimalisere terrenginngrep og at installasjonen skulle vere reversibel. Det vart tidlig klart at all utbygging på fjellet måtte løysast utan vegtilkomst. Derfor var det lette, prefabrikerte konstruksjonar, tilpassa helikopterløft, som gjaldt – nytte så lite betong som mulig.

Dette muligjorde samtidig å imøtekomme kravet om at installasjonen skulle vere reversibel. I prinsippet kan både fjellstasjon, mast og fjellrestaurant demonterast med pipenøkkelsett, skrumaskin og to helikopter. Med litt planering i tillegg, vil der vere lite synlege spor etter installasjonen. Eit anna vesentleg grep ein tok for å redusere miljøbelastningar av ulike slag i samband med ordinær drift, var å bore eit 1300 m langt ø=35cm pilothol inne i fjellet frå offentleg tilknytingspunkt ved stranda og opp til toppen. Inne i borholet er der trekt infrastruktur (rørpakke) for vasstilførsel, kloakk, høgspent og fiber.

Fjellstasjon
Primærkonstruksjonen for fjellstasjonen er ein prefabrikert og samanskrudd stålkonstruksjon. Denne står på punktfundament av betong som delvis er «sjakta» ned i fjellet og forankra med fjellboltar. Dei store strekkreftene som blir påført stasjonen frå sjølve bana via to bærekablar pr. linje; samla ca 30 tonn i dimensjoenerande last, er teke opp i to store betongpullertar i bakkant av bygget som kvar er forankra med 6 stk a 15m lange aktive fjellanker med ø=40mm som går bakoverfjellet i ei vifteform. Dei fleste av stålkomponentane er løfta på plass med bygningskran, men dei store sadlane veg nesten 3500 kg. kvar, og er, med stor presisjon, løfta på plass med Super Puma helikopter. I fjellstasjonen er der 2 sjakter der motvektslodd og strammehjul er plassert, og som syter for at wiren som drar dei to kabinane alltid er stram, uavhengig av belastning og temperatur. Når bana går, er lodd og overføringshjul i bevegelse. Det var i utgangspunktet tenkt at desse sjaktene skulle ha glasveggar slik at besøkande kunne sjå inn i sjaktene og få ei «teknisk oppleving». Av ulike grunnar vart desse veggane utført som tette. Stasjonen er for øvrig ein uisolert konstruksjon. Stålkonstruksjonane er forbora og forberedt for forankring av prefabrikerte limtresperrer og massivtreplater på veggane. Konstruksjonsdesign og statiske berekningar er eit «saumlaust» samarbeid mellom ingeniørane i Nordplan og ingeniørane i Sveitsiske Garaventa som er leverandør av bana. Sjølv om her er eit uttal av stavar og diagonalar i ein slik stålkonstruksjon, vil den alltid gi litt meir vibrasjonar når bana er i drift, enn ein tung betongkonstruksjon. Men dette er samtidig med på å «forsterke» opplevinga for dei besøkande.

Fjellstasjon
Primærkonstruksjonen for fjellstasjonen er ein prefabrikert og samanskrudd stålkonstruksjon. Denne står på punktfundament av betong som delvis er «sjakta» ned i fjellet og forankra med fjellboltar. Dei store strekkreftene som blir påført stasjonen frå sjølve bana via to bærekablar pr. linje; samla ca 30 tonn i dimensjoenerande last, er teke opp i to store betongpullertar i bakkant av bygget som kvar er forankra med 6 stk a 15m lange aktive fjellanker med ø=40mm som går bakover fjellet i ei vifteform. Dei fleste av stålkomponentane er løfta på plass med bygningskran, men dei store sadlane veg nesten 3500 kg. kvar, og er, med stor presisjon, løfta på plass med Super Puma helikopter. I fjellstasjonen er der 2 sjakter der motvektslodd og strammehjul er plassert, og som syter for at wiren som drar dei to kabinane alltid er stram, uavhengig av belastning og temperatur. Når bana går, er lodd og overføringshjul i bevegelse. Det var i utgangspunktet tenkt at desse sjaktene skulle ha glasveggar slik at besøkande kunne sjå inn i sjaktene og få ei «teknisk oppleving». Av ulike grunnar vart desse veggane utført som tette. Stasjonen er for øvrig ein uisolert konstruksjon. Stålkonstruksjonane er forbora og forberedt for forankring av prefabrikerte limtresperrer og massivtreplater på veggane. Konstruksjonsdesign og statiske berekningar er eit «saumlaust» samarbeid mellom ingeniørane i Nordplan og ingeniørane i Sveitsiske Garaventa som er leverandør av bana. Sjølv om her er eit uttal av stavar og diagonalar i ein slik stålkonstruksjon, vil den alltid gi litt meir vibrasjonar når bana er i drift, enn ein tung betongkonstruksjon. Men dette er samtidig med på å «forsterke» opplevinga for dei besøkande.

Mast/tårn
Bana har eitt tårn. Dette er plassert utifrå hensyn til eksisterande sti, utsyn frå toppen samtidig som ein begrensar høgda på tårnet. Dette førte til plassering i svært bratt terreng; ca 45° og i eit antatt rasutsett område. For å unngå at krefter frå snøsig og evt. snøras treff beina på sjølve tårnkonstruksjonen, er dei 4 fundamenta ca. 6-7 m høge. Dei består av plasstøypte betongfundament med høgde ca 3-4 m og 3,5m høge prefabrikerte stålrør. Kvart fundament er forankra direkte til fjell med 10 stk. aktive fjellanker som går i foringsrør gjennom betongfundamentet og ca. 12m ned i fjell og er til sist oppspent på oversida av røret si «fotplate» – som på ein vindturbin. Sjølve stålrøret har ø=1220mm, t=14,2mm, l=3500 og er produsert i kvalitet S460MLH av firmaet Norsteel International. Med alle stivarplater, fot- og topplater veg røret 3600 kg – som er maksimal vekt for «kontrollert» løft og montasje med Super Puma helikopter. For å optimalisere rørkonstruksjonen er alle komponentar modelert og berekna i FEM-design programvara Ansys Mechanical av Force Technology Norway. Heile konstruksjonen er varmgalvanisert både utvendig og innvendig.

Fjordstasjon
Ved grunnundersøking for fjordstasjonen vart det klart, at på grunn av den globale stabiliteten til området, måtte fjordstasjonen baserast på kompansert fundamentering. Dvs. at vekta av bygget med tilhøyrande terrrengarrondering (tilført vekt) må vere mindre enn vekta av dei vekkgrevne massane. Konkret betyr dette at sikkerheitsfaktor for totalspenningsanalyse skulle aukast frå 1,32 i eksisterande tilstand til 1,41 i ferdig tilstand. For å klare å halde
byggegropa tørr samt å klare å utføre utgravinga på den trange tomta, er det slått ned 13m lange stålspunt som står ca. 9m ned i massane. Maskinromskjellaren, som er utført som ein «stiv boks» i betong, er dimensjonert for eit vasstrykk på 4,5 m ved stomflo med klimapåslag. Veltemoment og horisontalkrefter påført bygninga i frå bana er tatt opp ved «gravitasjonsfundamentering»

Fjellrestaurant
Primærkonstruksjonen i fjellrestauranten er prefabrikerte limtrerammer med avstand 3-4m. Desse er forankra til fjell via punktfundament og fjellboltar, samt skrå stagforankring av stål bakover til fjell for å unngå for store forskyvningar. Alle knutepunkt er utførte med splitbeslag og dyblar. Dei høgaste rammene i hovedbygget og i festsalen er opp mot 15m høge. Både golv og tak er produsert som ferdig isolerte element som spenner mellom rammer – ein har valgt å sei at desse ikkje kan ta opp skivekrefter. Veggane er også produserte som element, men er isolert på byggeplass.


Les mer her: www.nordplan.no